|
|
|
|
|
Valkyrie er basert på ei utruleg, men sann historie. Tom Cruise har rolla som oberst Claus von Stauffenberg i historia om ei dristig og snedig samansverjing om å eliminere ein av dei verste tyrannane verda nokon gong har sett.
Oberst Stauffenberg er ein stolt mann av gammal offisersslekt, ein lojal soldat som elskar landet sitt, men som med stigande skrekk har vorte tvinga til å sjå Hitler på veg mot makta, noko som fører til den andre verdskrigen. Han arbeider framleis i det militære, heile tida med eit håp om at somme kan stanse Adolf Hitler før Europa og Tyskland blir heilt øydelagde. Han skjønar at tida er i ferd med å renne ut av timeglaset, og bestemmer seg for å ta affære sjølv. I 1942 prøver han på eige initiativ å overtala sentrale offiserar frå austfronten til å konfrontere og detronisere Hitler. Året etter, som rekonvalesent frå skadar han har fått i kamp, slår han seg saman med tyske motstandsfolk, som i mange år har laga ei motrørsle mot Hitler, ei gruppe menn som er skjult i dei inste sirklane kring Hitler.
Med ein utspekulert strategi om å nytte Hitlers eigen kriseplan for å stabilisere regjeringa dersom han sjølv skulle falle frå - Operasjon Valkyrie - og snu den planen på hovudet for å fjerne dei som sit med makta og øydeleggje Hitlerregimet, planlegg desse mennene eit attentat mot Hitler for såleis å styrte naziregjeringa.
Med alt på plass, og med framtida for verda, lagnaden til millionar av menneske og ikkje minst sine eigne barn og livet til kona som innsats, blir det Stauffenberg sjølv som tek på seg den dramatiske oppgåva å bli mannen som skal drepa Adolf Hitler! |
|
|
Bli den første som skriver en omtale av dette produktet. | Logg deg inn og si din mening
|
|
Du må være logget inn for å skrive omtaler. Vennligst logg inn først.
|
|
|
|
|
Annonse:
Ned i vekt?
Ned 4-6 kilo på
4 uker. Ingen kostnad.
Slank.no
|